
Kulturhuset Johansbuda
er
eit sameige mellom Valderøy Frilynde Ungdomslag og
Valderøy Historielag. Buda ligg sentralt ved hurtigbåtkaia
på Valderøy med Valderhaugstrand Småbåthamn
som næraste nabo. Frå Ålesund sentrum
tek det berre 10 minutt, enten du kjem sjøvegen eller
landevegen. Kartinformasjon
klikk her.
Utleige
av buda
Buda kan leigast ved å kontakte:
Odd Egil Valderhaug
på tlf 92 42 33 98.
E-post: odd.valderhaug@mimer.no
Johansbuda – kort
historikk
Johansbuda vart bygd i 1954 av familien Valderhaug i Johansgarden
på Valderøy. Dei eigde båtane Eljan,
Real og Real 1 og buda vart derfor også kalla for
Realbuda. Det vart bygd ei 35 meter lang kai i tilknyting
til buda slik at rutebåtane kunne legge til her. Kaia
er framleis intakt og er eit aktivum for huset, spesielt
med tanke på småbåtflåten. Buda
vart stort sett brukt til vegnhus for båtane, men
på 80-talet var det innreia malarbutikk i buda. Seinare
var det også lakserøykeri og potetskrelleri
her.
Johansbuda
innvendig.
1. etasje:
Her er ei stor vestibyle med setegrupper for 30 til 40 personar.
I dette "vrimlearealet" er også ei teater-garderobe,
toalett og eit kjøkken. Frå første etasje
er det direkte utgang til kaia.
2. etasje:
Her er sjølve storsalen med scene. Med publikum sittande
rundt småbord/langbord er her plass til mellom 80
og 90 personar. Dersom ein sit på kinorekkjer blir
det sjølvsagt plass til fleire.
3.
etasje:
Her er Valderøy Historielag sitt museum med utstillingane
"Valderøy i krig 1940-45","Valderøy
i 1905" og Fiskerutstilling og Fiskebåtgalleriet.
|